Annonse

Jussprofessor meiner staten kan krevje at Norwegian betaler tilbake bonusar

Opposisjonen krev svar på kva næringsminister Iselin Nybø (V) vil gjere med millionbonusane til Norwegian. Jussprofessor meiner ho kan krevje bonusane tilbake.

Det er framleis mange uavklarte spørsmål om bonusutbetalingane til Norwegian-toppane, skriv Klassekampen.

Det gjeld mellom anna når bonusutbetalingsforbodet gjekk ut, der Norwegian meiner det var i desember i fjor, medan Nybø meiner det var i mai i år. Næringsministeren skriv i ein e-post til avisa at ho tidlegare har vore krystallklar på kva ho meiner om bonusane og at ho ikkje har meir å leggje til.

Stortingsrepresentantane Terje Aasland (Ap) og Geir Pollestad (Sp) har tidlegare etterlyst ei oppklaring om kva som skjedde med bonusane og om kva ministeren vil gjere med usemja om når bonusforbodet gjekk ut.

Aasland seier det er urovekkjande at Nybø ikkje er tydeleg på om ho skal følgje opp saka juridisk, medan Pollestad meiner det framleis er eit «åpent spørsmål» om når forbodet gjekk ut.

Både Aasland og Pollestad planlegg å følgje opp bonussaka når Stortinget opnar igjen.

Jussprofessor Mads Andenæs ved Universitetet i Oslo meiner staten må krevje ei nullstilling av bonusane, det vil seie ei tilbakebetaling av Norwegian.

– Synet til staten er klart, det var ein låneavtale og vilkåra vart brote. Då må staten handheve opsjonsforbodet, seier Andenæs.

(©NPK)

Jussprofessor meiner at næringsminister Iselin Nybø (V) kan krevje millionbonusane frå Norwegian betalt tilbake
Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK