Annonse

Jussprofessor: - Noreg har ansvar for tryggleiken til personar som blir redda av norske skip

Noreg pliktar å sørgje for ei trygg hamn for menneska om bord på det norske redningsskipet Ocean Viking, understrekar professor i havrett, Erik Røsæg.

Annonse

I eit intervju med NRK seier Røsæg at skipet må sørgje for at passasjerane ikkje blir sette i land på ein stad som er farleg for dei. Det speler ifølgje professoren inga rolle om skipet ligg i internasjonalt farvatn. Så lenge fartøyet seglar under norsk flagg, pliktar Noreg å ta vare på menneskerettane til dei om bord, sjølv om Noreg ikkje er forplikta til å ta dei imot.

Liknande saker har vorte prøvd for Den europeiske Menneskerettsdomstolen, ifølgje Røsæg.

Skipet, som blir brukt av Leger Uten Grenser (MSF) og SOS Mediterranée, har no 356 menneske om bord. Alle er redda i Middelhavet på nokre få dagar i august.

Dei to organisasjonane har bedt om å få legge til kai ved Lampedusa eller Malta, men italienske styresmakter har i staden sendt eit brev til norske styresmakter og påpeika Noregs ansvar som flaggstat, ifølgje NRK.

Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) har kontant avvist at Noreg har noko å bidra med i saka. Han har i staden tatt til orde for at menneska om bord må returnerast til «trygge afrikanske hamner».

Ifølgje Leger Uten Grenser finst det likevel ikkje noko nordafrikansk land som kan garantere at flyktningane og migrantane blir behandla i tråd med FNs krav.

(©NPK)

Ein gummibåt frå Ocean Viking på veg ut til ein gummibåt med migrantar og flyktningar i Middelhavet. Biletet blei tatt 13. august. Det er no 356 menneske om bord på redningsskipet. Foto: Hannah Wallace Bowman / MSF / SOS Méditerranée via AP / NTB scanpix