Jusstudentar må ta eksamen på nytt etter tabbe

(NPK-NTB): Nesten 200 jusstudentar ved Universitetet i Tromsø som tok eksamen i byrjinga av mai, må opp ein gang til fordi det viser seg at delar av oppgåva blei avslørt ein time for tidleg.

Studentane fekk fredag melding om at eksamenen dei tok 6. mai er annullert, skriv iTromsø.

– Nokon hadde levert inn ein klage på at det hadde skjedd formelle feil under eksamen, og det var denne klagen som blei behandla i dag. Klagenemnda avgjorde at eksamen skulle annullerast, seier studiedirektør Hilde Adolfsen ved Avdeling for utdanning på UiT.

Tabben blei oppdaga i timen før eksamen då studentane møtte opp for bokkontroll og opprigging av datamaskinene. Ein eller fleire av studentane fekk då auge på delar av ei eksamensoppgåve.

– Dette er trasig for både oss og studentane, og vi må få avvikla ein ny eksamen så snart som mogleg. Likevel er det dessverre sånn at feil kan skje, og klagen har blitt behandla på riktig måte, seier Adolfsen. (©NPK)

Annonse