Annonse

Justisministeren lovar å lytte til refs frå Sivilombodsmannen

Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) seier at sjølve fengselsbygga må endrast for å følgje tilrådingane frå Sivilombodsmannen knytt til utstrekt isolasjonsbruk.

Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) seier at sjølve fengselsbygga må endrast for å følgje tilrådingane frå Sivilombodsmannen knytt til utstrekt isolasjonsbruk.

- Vi synest rapporten Sivilombodsmannen i dag kjem med, er viktig. Vi kjem til å gå grundig gjennom rapporten, som blir viktig å lytte nøye til, seier han til NTB.

Sivilombodsmannen kom med krass kritikk av norske styresmakter knytt til isolasjon i norske fengsel og la fram fleire tilrådingar.

Justisministeren seier samtidig at det er vanskeleg å etterkomme tilrådingane slik fengselsbygningar er i dag.

- Vi kom inn i regjeringa i 2013, og problema har gått føre seg lengre enn det. Det er ganske innlysande at det må gjerast noko med sjølve bygga, seier han.

Kallmyr trekker fram at dei no ønsker å få fortgang i utbygginga av nytt Oslo fengsel.

(©NPK)

Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) seier at sjølve fengselsbygga må endrast for å følgje tilrådingane frå Sivilombodsmannen knytt til utstrekt isolasjonsbruk. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix