Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Gonzalo Higuaín blir tidenes dyraste signering i Serie A. 28-åringen går frå Napoli til Juventus for 850 millionar kroner.
npk@npk.no
Publisert: 26.07.2016 kl 18:04
Overgangen er enno ikkje stadfesta av nokon av dei involverte laga, men den offisielle nettstaden til Serie A har lagt ut stadfesting på sine overgangssider.
Ifølgje rapportane pungar den regjerande italienske seriemeisteren ut 850 millionar kroner for spissen, som blei toppscorar i Serie A førre sesong med 36 mål på 35 kampar. Det er ny rekord, argentinaren skåra eitt mål meir enn kva Gunnar Nordahl gjorde i 1950.
Etter at rekorden blei sikra ordna Napoli ein utkjøpsklausul i kontrakten til Higuain som tilsa at ein klubb måtte betale minst 94 millionar euro for å kjøpe fri den tidlegare Real Madrid-spelaren. Det er denne klausulen Juventus no har nytta seg av.
Juventus skal ifølgje italienske Sky Sports dele opp betalinga i to, der det betaler 47 millionar euro i år og 47 nye millionar neste år.
Signeringa er venta å bli presentert på ein pressekonferanse om kort tid. (©NPK)