Kaffekokande tyskarar vart viste bort frå Venezia

Vel kan kaffi vere dyrt i Venezia, men å fyre opp stormkjøkkenet ved Rialtobrua for å brygge medbringa, vart ein endå dyrare affære for to tyske turistar.

Ein irritert innbyggar ringde lokale styresmakter, og raskt dukka politiet opp og marsjerte av stad med dei to tyskarane til næraste stasjon. Her vart dei pålagt ei bot på 950 euro (nesten ti tusen kroner) og vist bort frå byen.

Bystyret i Venezia har set seg lei på turistar som trur dei kan gjere nærast som dei vil i den gamle kulturbyen. I mai tredde det strenge reglar i kraft for kva som ikkje er tillate, til dømes å bade i kanalane, vaske seg i fontenene og gå rundt i byen i bikini eller berr overkropp. Sidan mai er det pålagt 40 førelegg.

- Venezia skal respekterast. Folk som kjem hit, må få dette inn i hovudet. Med hjelp av det lokale politiet blir dei tatt, straffa og utvist, seier borgarmeister Luigi Brugnaro. Han legg til at namn og foto blir sendt til ambassaden eller konsulatet til den respektive syndaren.

Venezia står på UNESCOs verdsarvliste og er eit verna stykke Italia. Byen har ikkje meir enn 55.000 innbyggarar, men får over 30 millionar besøkande kvart år.

(©NPK)

Venezia har sett seg lei på turistar som ikkje kan oppføre seg. To tyskarar fekk ei bot på nesten 10.000 kroner for å brygge medbringa kaffi ved Rialtobrua. Dei vart deretter viste bort frå byen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix