Annonse

Kalla: – Ikkje lett å halde avstand

Sveriges langrennsstjerne Charlotte Kalla tek dei norske langrennsløparane i forsvar etter mangelen på «koronaavstand» på samling tidlegare i veka.

– Å halde avstand under eit rulleskipass er ikkje lett. Då står ein ofte skulder ved skulder og kjempar mot kvarandre, seier ho til nyheitsbyrået TT.

Det var på den norske samlinga til langrennskvinnene i Oslo tysdag at ikkje alt gjekk etter koronareglane. Regelen på minst to meters avstand vart ikkje fylgd.

– Det er for dårleg, sa landslagslege Øystein Andersen, som har utarbeidd dei strenge smittevernreglane for langrennsløparane.

Kalla har sjølv ikkje fått vite kva reglar som skal gjelde i det svenske landslaget når ho er på veg til samling i Östersund.

32-åringen har lagt bak seg ein vanskeleg sesong, der resultata ikkje kom. Ho er uviss på kva komande sesong vil bringe, ikkje minst på grunn av restriksjonane forårsaka av koronaviruset.

– Eg håpar vi kjem til å konkurrere i ei eller anna form. Eg funderer ikkje så mykje på korleis det kjem til å bli. Det beste eg kan gjere er å fokusere på det som ligg nærast fram i tid. Eg må ha tolmod, seier ho.

(©NPK)

Charlotte Kalla i prologen i Val di Fiemme i Tour de Ski 2019/20. Sesongen vart aldri bra for den svenske skistjerna. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix