Kalla slått i den svenske sesongpremieren

I den svenske sesongpremieren på Bruksvallarna måtte Charlotte Kalla sjå seg slått av Ebba Andersson på 5 kilometer fristil.

Andersson gjekk i mål 2,6 sekund føre Kalla. Hanna Falk vart nummer tre, 15,7 sekund bak vinnaren.

Før løpet handla det meste om snømangelen. Men arrangørane klarte å skrape saman ei sløyfe på dryge tre kilometer. Dei beste løparane gjekk ut først, med Kalla som første løpar ut med Andersson som nummer to.

Stina Nilsson deltok ikkje i løpet på fredag, men er venta tilbake i spora laurdag.

(©NPK)

Charlotte Kalla (bildet) vart nummer to i sesongopninga i Sverige. Ebba Andersson vann.
Foto: Ned Alley / NTB scanpix