Annonse

Kallmyr får Stavangers Frp-leiar som ny statssekretær

Leiaren i Stavanger Frp, Kristoffer Sivertsen, er utnemnt som statssekretær for justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr.

Han overtar dermed etter Torkil Åmland.

30 år gamle Kristoffer Sivertsen seier til Stavanger Aftenbladet at det er ei stor ære å bli spurt om å gå inn i ei slik stilling.

- Det var ikkje vanskeleg å seie ja då eg vart spurd. Eg er både audmjuk og takknemleg over at eg er ønskt som statssekretær hos Jøran Kallmyr, seier Sivertsen, som meiner innvandring og gjengproblematikk er blant dei viktigaste sakområda.

- Første bod no blir å setje seg inn i dei aktuelle sakene. Generelt blir det viktig å halde oppe ein streng og rettferdig innvandringspolitikk. Eg er òg opptatt av at gjengkriminalitet må nedkjempast og å få på plass meir synleg politi, seier han.

(©NPK)

Justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr (bildet) får leiar i Stavanger Frp, Kristoffer Sivertsen, som ny statssekretær. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix