Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Kålbønder over heile landet slit med kålmøll som øydelegg avlingane. Det kan få konsekvensar for fårikålsesongen.
npk@npk.no
Publisert: 20.07.2016 kl 16:30
– Eg har framleis eit håp om å berge vinterkålen, men det kan vise seg å bli vanskeleg, seier grønsaksprodusent Stig Arild Oldervik til Trønder-Avisa.
Kålmøllen har kome i store svermar frå utlandet, truleg Russland og Baltikum. No er andre generasjon i ferd med å etablere seg i åkrar rundt om i landet. I tillegg har enkelte produsentar meldt frå om sopp.
Elin Hoel i Seksjon for marknads- og prisutvikling hos Landbruksdirektoratet seier til Nationen at ein enno ikkje kan seie heilt sikkert korleis situasjonen vil utvikle seg utover hausten. Hoel opplyser også om at det ikkje berre er hovudkålen som blir angripen av kålmøll.
– Det er nokon kvalitetsutfordringar når det gjeld brokkoli på grunn av kålmøll, og også kinakål opplever nokre utfordringar. For blomkål ser det greitt ut og det ser ut til å vere marknadsdekning, seier Hoel. (©NPK)