Klargjør siden...

Kåre Conradi kan få sin første Hedda

(NPK-NTB): Kåre Conradi (44) kan vinne sin første Heddapris for kraftrolla som den slue kongen Richard III på Nationaltheatret. Ane Dahl Torp kan stikke av med sin andre Hedda når prisane blir delt ut 12. juni.

Torsdag vart det klart kven som er nominerte til teaterprisen Hedda. I alt skal det delast ut priser i ti klassar. Det Norske Teatret toppar lista med sju nominasjonar. Heile tre av dei går til kritikarroste «Solaris korrigert». Ane Dahl Torp er nominert til prisen for beste kvinnelege skodespelar, ektemannen hennar Sjur Miljeteig er nominert for musikken til framsyninga og «Solaris korrigert» i Peer Perez Øians regi er også nominert i klassa for årets framsyning.

Tore Vagn Lid og Cecilie Løveids nyversjon av Nordahl Griegs «Vår ære/vår makt» på Den Nationale Scene i Bergen er nominert i heile fire ulike kategoriar, blant anna som årets framsyning og for beste regi ved Tore Vagn Lid.

I dei gjeve klassane for årets beste kvinnelege skodespelar er forutan Ane Dahl Torp, Nina Ellen Ødegård og Marit Østbye nominerte, mens Kåre Conradi får konkurranse av Andreas Stoltenberg Granerud og Henrik Mestad i klassen for årets beste mannlege skodespelar.

Heddaprisen blir delt ut årleg for framifrå prestasjonar innan norsk scenekunst. (©NPK)

Annonse