Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Når den politiske thrilleren «Kings Bay» går i opptak 18. januar, er det Kari Bremnes som skal spele hovudrolla.
npk@npk.no
Publisert: 13.01.2016 kl 13:26
Det går hardt for seg når ho gestaltar Nordlys-journalisten Harrieth «Harri» Hansen, skal ein tru biletet som regissør Stig Svendsen har tatt av sangstjernen som no prøver seg som skodespelar.
– Kari har vist gjennom fleire prøvefilmingar at ho er meir enn kvalifisert for denne rolla. Vårt største problem var faktisk å overtale henne til å ta rolla fordi musikkarrieren verkeleg har tatt av dei siste åra. Og då ho sa ja fekk vi eit nytt problem: Korleis vi skulle få henne til å sjå litt herja ut, seier Stig Svendsen, som har skrevet manus, og saman med broren Ole Arild har jobba med «Kings Bay»-ideen sidan 2008.
– I dei åra vi har prøvd å få filmen laga har verkelegheita på ein måte innhenta oss. I dag er det ikkje lenger nokon som har illusjonar om konspirasjon, storpolitisk maktspel, og avlytting. Det blenkar også gult for den pressefridomen vi så lenge har nytt godt av, hevdar Stig Svendsen i pressemeldinga.
Bakteppet for filmen er gruveulukka på Svalbard i 1962, som førte til at Einar Gerhardsen året etter gjekk av som statsminister og Noreg fekk si første borgarlege regjering på 30 år. Midt i dette får Kari Bremnes' rollekarakter ein anonym pakke – noko som blir innpakkinga til ei intens spenningshistorie, heiter det om handlinga.
FilmCamp i Målselv er medprodusent og investor i prosjektet, og ifølgje pressemeldinga blir det og forhandla også med andre lokale fond om deltaking i prosjektet.
Ifølge Nordlys vil filmen sannsynleg vere ute på kinoane vinteren i 2017. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.