Kartlegging av ukrainske flyktningar blir utvida

Kartlegginga av ukrainske flyktningar er kraftig forenkla for at busetjinga skal gå raskare. No blir ho utvida til også å omhandle utdanning og yrke.

– Vi vil utvide den forenkla kartlegginga for at integreringa av ukrainarar skal gå raskare og bli endå meir treffsikker. Å få tildelt ein kommune der det er mogleg å bruke kompetansen sin, er nyttig både for den enkelte og for samfunnet, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap).

Til no har kartlegginga omfatta familieforhold, eventuelt nettverk i Noreg og kjæledyr.

Endringa gjeld berre dei som blir kartlagde framover, ikkje dei som allereie er kartlagt.

(©NPK)

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) opplyser at ukrainske flyktningar må oppgi nokre fleire detaljar enn før når dei blir kartlagde i Noreg. Foto: Annika Byrde / NTB