Annonse

Kashafali sprinta til VM-gull på meisterskapsrekord

Bergensaren Salum Kashafali (25) sprang inn til 10,54 og gull på 100-meteren i para-VM i friidrett i Dubai.

Kashafali konkurrerer i klassen T12 for svaksynte. Han kom godt ut frå start i finalen og vann med ein margin på 23 hundredels sekund til toaren, Joseferson de Oliveira frå Brasil.

Også bronsemedaljen gjekk til Brasil og Fabricio Ferreira.

Vinnartida 10,54 er ny meisterskapsrekord i VM. Kashafali sprang på 10,49 i semifinalen, men då var medvinden for sterk til at tida kunne telje som rekord.

25-åringen sprang lenge konkurransar for funksjonsfriske og vart parautøvar først i sommar. Nokre veker etter at han bytte til paraløp, sette han verdsrekord i klassen sin på 10,46 under Bislett Games.

Seinare i sommar tok Norna-Salhus-løparen NM-gull på 100 meter for funksjonsfriske med tida 10,37.

Kashafali kan ikkje sjå meir enn ein meter framfor seg. Han er fødd med sjukdommen stargardt, som gjer at han berre har fem prosents skarpsyn.

Sprintaren har vore ein av dei beste i landet i klassen for funksjonsfriske i mange år, og han er eitt av Noregs beste kort i dei paralympiske leikane i Tokyo neste år.

(©NPK)

Salum Kashafali tok VM-gull på 100 meter i T12-klassen for svaksynte.
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix