Kastrati blir suspendert i fire kampar for «sopar»-utsegn

Kristiansund-spelar Flamur Kastrati blir suspendert i fire kampar for den støytande slengkommentaren sin til VIF-trenar Dag-Eilev Fagermo.

Det opplyser domsutvalet i Norges Fotballforbund (NFF), som har behandla saka.

«Disiplinærutvalget legger til grunn at uttrykket 'soper' normalt vil oppfattes som en nedsettende uttalelse om en homofil mann. Uttrykket faller således innenfor NFFs lov § 11–5 (5) bokstav f som setter forbud mot fremsettelse av ytringer 'i forbindelse med kamp eller trening som er egnet til å true, fornærme eller håne en person på grunnlag av […] seksuell orientering'», står det i grunngivinga.

Det var førre helg at Kastrati kalla Vålerenga-trenar Fagermo for «jævla sopar» under ein kamp. I pausen forsvarte han utsegna. Seinare på kvelden sa 28-åringen til VG at han ikkje ville kalla Fagermo det ordet om han hadde visst kva det betyr.

Sandnes Ulf-spelar også utestengd

Disiplinærutvalet har lagt vekt på at dei ikkje kan sjå bort frå at Kastrati kan ha vore ukjend med kva «sopar» betyr. Ordet blir brukt som eit skjellsord mot homofile menn, men utvalet peikar på at Kastrati kan ha vakse opp i eit miljø der det heller har betydd noko i retning av «idiot» eller «tulling».

I grunngivinga står det at ein spelar normalt ville fått karantene i fem kampar, men utvalet har lagt vekt på at Kastrati og KBK raskt tok avstand frå utsegna og gav ei utvitydig unnskyldning.

Også Sandnes Ulf-spelar Johannes Hummelvold-Nunez blir straffa. Han blir stengd ute i tre kampar for å ha erkjent å ha brukt ordet «sopar» utan å vite kva det betyr. Han kom med innrømminga i ei Twitter-melding og i nyheitsintervju etter Kastrati-episoden.

Klar for å ta straffa

Kastrati vart bytt ut då trenaren vart klar over kva han hadde sagt, og både klubben og Fotballforbundet varsla då reaksjonar. Angriparen har vore utestengd frå treningar og kampar i Kristiansund i påvente av ei ekstern gransking. Klubben og Kastrati vart òg samde om at han ikkje skulle uttale seg meir om saka så lenge ho var til behandling.

Kastrati har uttalt at han er førebudd til å ta straffa si både frå klubb og forbund, men at han håpar han blir trudd på at han ikkje har meint å hetse homofile.

Han har vorte trudd av fleire spelarar og andre som har sagt at dei ikkje har vore klar over at ordet har den tydinga.

Ambassadør

Fagermo har teke Kastrati i forsvar etter hendinga.

– Temperament og engasjement må vi ha. At folk kan gjere feil, må vi akseptere. Vi er inne i ein kampanje no, og haldningsskapande arbeid er det viktigaste. Eg har inga tru på å gi Kastrati ei sinnssjuk straff. Det synest eg er feil, sa VIF-trenaren til VG.

Kastrati har sidan vorte ambassadør for Salam Noreg, ein organisasjon for skeive muslimar.

– Når dei forstår og tilgir, og i tillegg vil at eg skal vere med dei rundt omkring på skular som ein ambassadør, då har unnskyldninga mi komme fram dit ho skal, sa Kastrati.

(©NPK)

Flamur Kastrati og Dag-Eilev Fagermo under kampen mellom Vålerenga og Kristiansund førre helg.
Foto: Fredrik Hagen / NTB