Solberg klar for kamp, positivt òg rundt stjernene Lunde og Grimsbø

Handballkeeper Silje Solberg er tilbake i trening etter krystallsjuke-anfall. Det lysnar òg for målvaktessa Katrine Lunde og Kari Aalvik Grimsbø.

Solberg fekk det første anfallet ved nyttårstider og var ute av trening i omtrent tre veker. Ho sleit med kvalme og svimmelheit og har vore i Noreg og fått oppfølging og tips om korleis ho skal handtere anfalla. Det finst teknikkar som er særs effektive mot krystallsjuke.

– Det ser bra ut no, og eg trur dette skal gå fint, men det kan jo vere skremmande første gong ein opplever det. Nokon kan tru dei har fått eit hjerneslag, seier landslagslege Anne Froholdt til NTB.

Noreg speler OL-kvalifiseringa i Podgorica mot vertsnasjonen Montenegro, Romania og Thailand 20. til 22. mars. Dei to beste får OL-billett.

Søndag deltok Solberg på den første handballtreninga si på tre veker. Det var med det ungarske klubblaget Siófok. Ho var og på trening måndag. Det vart ein forsiktig start for henne etter pausen.

Solberg er i troppen til Siófoks kamp tysdag.

– Det har gått fint med henne så langt. Dersom det held slik fram, speler ho etter planen 20 minutt, seier den norske trenaren til klubben Tor Odvar Moen til NTB.

På veg?

Katrine Lunde er ikkje i trening etter ein kneskade ho pådrog seg i mai i fjor. Kari Aalvik Grimsbø slit i periodar med knea og har ikkje spelt for landslaget på lenge. Derfor ville eit forfall frå Solberg til kampane i mars bety ei ny stor utfordring for handballjentene.

- Vi har håp om at Katrine kan spele nokre sluttspelskampar for oss mot slutten av den norske sesongen, seier Vipers-trener Ole Gustav Gjekstad til NTB.

Grimsbø har spelt kortare periodar for Györ i kamp dei siste vekene.

– Ho har vorte så erfaren at ho veit kva ho toler. Her er det jo å finne ut kva ein toler. Det var jo slik mellom anna Gro Hammarseng-Edin hadde det. Kari er veldig flink til dette, seier Froholdt til NTB.

Landslagsleiinga har ikkje definitivt slått fast at Grimsbø er uaktuell for Noreg i månadene som kjem.

Solberg byter arbeidsgivar til sommaren. Då startar ho eit nytt liv i toppklubben Györ som erstattar for nettopp Grimsbø.

(©NPK)

Kari Aalvik Grimsbø (til venstre) og Katrine Lunde er i framgang etter skadeperiodar. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Silje Solberg er tilbake i trening etter å ha hatt krystallsjuka. Her frå VM i Japan i desember. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix