Kenyas finansminister arrestert for korrupsjon

Kenyas finansminister Henry Rotich og ei rekke andre høgtståande tenestemenn er arresterte, skulda for omfattande korrupsjon.

Korrupsjonen blir knytt to store damprosjekt, og Rotich og ei rekke andre har i lengre tid vore under etterforsking.

Rotich blir mellom anna skulda for å ha fått mutingar frå italienske CMC Di Ravenna, som har vore hovudentreprenør i damprosjekta.

Etterforskinga i saka er no avslutta. Kenyas riksadvokat Noordin Haji meiner at det finst tilstrekkeleg med bevis for å ta ut tiltale mot Rotich og 27 andre i saka, skriv den kenyanske avisa The Nation.

Måndag skreiv Haji ut arrestordre på alle, blant dei òg sjefen for CMC di Ravenna, Paolo Porcelli, og Rotichs statssekretær Kamau Thugge, skriv Reuters. Kort tid etter opplyste kenyansk politi at Rotich var arrestert.

- Dei braut lova om offentleg finansiering under dekke av å utføre legitime kommersielle transaksjonar. Kolossale beløp vart urettmessig og på ulovleg vis utbetalte gjennom ei mengde metodar planlagt av tenestemenn i samarbeid med privatpersonar og institusjonar, sa Haji under ein pressekonferanse måndag.

Dei to damprosjekta har til saman ein prislapp på drygt 3,8 milliardar kroner, medan det kenyanske finansdepartementet, ifølgje Haji, har tatt opp lån på over 5,2 milliardar kroner for utbygginga. Heile 1,4 milliardar kroner skal dermed ha forsvunne som følgje av korrupsjon.

Skuldingane mot Rotich har vore kjent lenge, men finansministeren nektar sjølv for å ha gjort noko gale.

(©NPK)