Annonse

Kim Jong-un skuldar USA for dobbeltspel

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un meiner USA opptredde ureieleg på det mislykka toppmøtet mellom landa i Vietnam.

Annonse

- USA tok ei einsidig haldning og handla ikkje i god tru, sa Kim under møtet med Russlands Vladimir Putin i Vladivostok torsdag.

Det opplyser det nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA. Kim hevda også at situasjonen på Korea-halvøya no er fastlåst og i ein kritisk fase.

Putin peikte på på si side på at Russland ønsker ei rolle i samtalane om atomnedrusting på Korea-halvøya. USA har så langt ikkje kommentert dette utspelet.

Kim Jong-un besøkte eit russisk krigsminnesmerke fredag før han sette kursen tilbake til Nord-Korea i det private toget sitt - noko tidlegare enn opphavleg planlagt.

- Treng garantiar

Samtalane mellom Kim og Putin i den russiske byen blir omtalte som «opne og vennlege» av KCNA.

Kim sa han håper på ei ny stordomstid i forholdet mellom Pyongyang og Moskva. Han inviterte Putin til å besøkje Nord-Korea «på eit passande tidspunkt», noko den russiske presidenten skal ha takka ja til.

I møtet torsdag posisjonerte Putin seg tilsynelatande som ei motvekt til USA i tautrekkinga om Nord-Koreas atomvåpen. Han sa at Nord-Korea er villig til å gi opp kjernevåpena sine, men treng «garantiar for sikkerheita og framleis suverenitet» for at det skal skje.

- Vi må rette opp igjen internasjonal rettsorden og sørgje for at det er internasjonal lov og ikkje den sterkastes rett som avgjer utviklinga i verda, sa Putin. Han understreka at Russland til liks med USA ønsker at Kim skal skrinleggje atomvåpenprogrammet sitt.

- Ingen løyndommar

Den russiske presidenten sa òg at Kim har bedt han forklare nyansane i Nord-Koreas posisjon for USAs president Donald Trump.

Etter møtet i Vladivostok reiste Putin vidare til eit toppmøte i Beijing om Kinas såkalla silkeveg-prosjekt. Der ville han informere dei kinesiske leiarane om samtalane med Kim.

- Vi vil òg ha like opne samtalar med USAs leiarskap. Det er ingen løyndommar eller samansverjingar. Russlands posisjon har alltid vore å vere opne, hevda den russiske presidenten.

Kim Jong-un og USAs president Donald Trump møttest og diskuterte Nord-Koreas atomvåpen i Vietnam i februar i år. På førehand var det håp om at dei ville komme nærare ei semje, men toppmøtet vart avslutta tidlegare enn planlagt utan konkrete resultat.

(©NPK)

Vladimir Putin skal umiddelbart ha takka ja då Kim Jong-un inviterte han på besøk til Nord-Korea etter at dei to møttest i Vladivostok torsdag. Foto: Alexej Nikolskij / Sputnik / Kreml / AP / NTB scanpix