Kina hevdar på nytt å ha jaga bort amerikansk krigsskip
For andre døgn på rad hevdar Kina å ha jaga bort eit amerikansk krigsskip frå kinesisk territorialfarvatn.
Forsvarsdepartementet i Beijing opplyste fredag at Kina igjen har måtta spore og jage bort den amerikanske missiljagaren Milius. Krigsskipet hadde teke seg inn i kinesisk farvatn i Sør-Kina-havet nær Paraceløyene, ifølgje Beijing.
– Vi krev at USA omgåande stansar slike provoserande handlingar, elles vil det få alvorlege konsekvensar med uante følgjer, seier ein talsperson i det kinesiske forsvarsdepartementet.
USA kommenterte raskt meldingane frå Beijing og sa at fartøyet har nytta seg av rettane og fridommane sine til å navigere i Sør-Kina-havet nær Paraceløyene.
Også torsdag hevda Kina at det same krigsskipet hadde teke seg inn i territorialfarvatnet i landet. USA avvist då skuldingane og kalla dei falske påstandar.
– USS Milius utfører rutineoperasjonar i Sør-Kina-havet og vart ikkje viste bort. USA vil halde fram med å flyge, segle og operere overalt der det er lov i samsvar med folkeretten, heitte det i ei fråsegn frå den amerikanske marinen torsdag.
(©NPK)
USS Milius avbilda nær Filippinene 13. mars. Torsdag hevda Kina at fartøyet hadde tatt seg inn i kinesisk farvatn og at Kina måtte jage det bort. Fredag hevda Kina at dette har skjedd endå ein gong. Foto: USAs marine / AP / NTB