Annonse

Kina og Russland rasar mot amerikanske sanksjonar

USA har innført sanksjonar mot det kinesiske militæret etter at dei kjøpte militærfly og luftvernrakettar frå Russland. Både Kina og Russland reagerer kraftig.

Annonse

Kina kjøpte nyleg ti russiske Sukhoi Su-35 kampfly og S-400 bakke-til-luft-missil frå Russland. USA meiner det kinesiske utstyrskjøpet er i strid med dei amerikanske sanksjonane mot Russland, som blei sett i verk etter Russlands handlingar i Ukraina og truleg innblanding i amerikansk politikk.

Torsdag kunngjorde amerikanske styresmakter at dei innfører sanksjonar mot innkjøpsavdelinga, i det kinesiske militæret og leiaren for avdelinga Li Shangfu. 33 personar og einingar bundne til det russiske militæret blei også svartelista, opplyste amerikanske styresmakter.

Fredag reagerte både Kina og Russland kraftig på dei amerikanske sanksjonane.

- Leikar med elden

- Det ville ha vore bra om dei huska på at det er eit konsept som heiter global stabilitet, noko dei tankelaust undergrev når dei fyrer opp under spenningane mellom USA og Russland, seier Russlands viseutanriksminister Sergej Riabkov i ei utsegn.

- Å leike med elden er dumt, det kan bli farleg, legg han til.

Kina ber USA trekke tilbake sanksjonane med det same, og varslar «konsekvensar» om dei ikkje gjer det.

- Den kinesiske sida uttrykkjer sterk indignasjon over denne ugrunna handlinga frå amerikansk side, seier Geng Shuang, talsperson for kinesisk UD.

Kina har ikkje tatt del i sanksjonane USA og dei vestlege allierte innførte mot russarane etter annekteringa av Krimhalvøya i 2014. Tidlegare denne månaden tok 3.200 kinesiske soldatar del på den største militærøvinga i Russland sidan den kalde krigen.

- Vurderer fleire

USA er på si side klare på at sanksjonane i hovudsak er meint å ramme russarane.

- Det er ikkje meininga å undergrave forsvarsevna til andre land, hensikta er å påføre Russland kostnader på grunn av deira vondsinna aktivitetar, seier ein høgtståande amerikansk tenestemann.

Han legg til at USA også vurderer å innføre liknande sanksjonar mot andre land som kjøper militærutstyr frå Russland.

Asia er den klart viktigaste marknaden for russiske våpenprodusentar. Sidan år 2000 har 70 prosent av russisk våpeneksport har gått dit, ifølgje ein nyleg rapport frå Chatham House. Mest etterspørsel er det frå India, Kina og Vietnam.

(©NPK)

Russlands president Vladimir Putin og Kinas president Xi Jinping i Vladivostok i Russland. Foto: Mikhail Metzel / TASS / AP / NTB scanpix.