Kina søkjer kontroll over media også i utlandet

Kina utvidar kontrollen sin over medium utanfor sine eigne grenser. Det er ein trussel mot den globale pressefridommen, meiner Reporterar utan grenser.

Kinesiske styresmakter prøver å innføre såkalla ideologisk korrekt språkbruk, hindre kritikk og dekke over delar av si eiga historie ved å kontrollere informasjon utanfor sitt eige territorium, skriv Reporterar utan grenser (RSF) i ein ny rapport.

Strategien inneber mellom anna å modernisere den internasjonale kringkastinga i landet, kjøpe opp reklame i internasjonale medium og infiltrere utanlandske medium. I tillegg blir press, utpressing og trakassering brukt i stort omfang.

- I samsvar med ånda frå Beijing skal ikkje journalistar vere ei motmakt, men heller tene propagandaen til staten, seier RDF-direktør Christophe Deloire.

- Viss ikkje demokrati motset seg dette, vil propaganda i kinesisk stil gradvis invadere media i verda og konkurrere med journalistikk slik vi kjenner det i dag, seier han vidare.

I rapporten heiter det òg at Kina eksporterer metodane sine for sensur og overvaking, inkludert søkjemotorar og plattformer for direktemelding, og oppfordrar andre repressive regime til å kopiere metodane deira.

Kina har i mange år drive desinformasjonskampanjar mot Taiwan og andre land med store kinesiske befolkningsgrupper, blant dei Singapore, og nokre av media i Hongkong er no under direkte kinesisk kontroll.

På RSFs indeks over pressefridom er Kina på plass nummer 176 av 180 land.

(©NPK)