Klargjør siden...

Kinesisk analytikar hardt ut mot Taiwans president

(NPK-NTB-AFP): Taiwans nye president Tsai Ing-wen vil føre ein «emosjonell» og «ekstrem» politikk fordi ho er barnlaus og singel, meiner ein leiande kinesisk analytikar.

Det krasse åtaket mot den 59 år gamle presidenten kjem frå Wang Beixing, ein militæranalytikar knytt til Forbundet for relasjonar over Taiwan-sundet, organisasjonen som handterer kontakten mellom Kina og Taiwan.

– Som einsleg, kvinneleg politikar, er ho ikkje bunde av kjærleik og manglar dei avgrensingar ein familie inneber og uroa som følgjer med barn, meiner Wang.

– Når det gjeld politisk stil og strategi har ho ein tendens til å vere emosjonell, personleg og ekstrem. Når det gjeld politiske triks, er ho lite oppteken av strategi og meir oppteken av taktiske detaljar. Kortsiktige mål er avgjerande for henne, medan ho bryr seg mindre om langsiktige mål, held han fram i eit innlegg i den statlege avisa International Herald Leader.

Åtaket frå Wang kjem dagen etter at Tsai blei teken i eid som Taiwans første kvinnelege president.

Tsai leier Det demokratiske progressive partiet (DPP), som er langt mindre Kina-vennleg enn dagens regjeringsparti KMT.

Kun eit fåtal av verdas statar anerkjenner Republikken Kina, som er Taiwans offisielle namn. Kina held fast på at Taiwan er ein kinesisk provins og har eit uttalt mål om at øya skal tilbake under kinesisk styre. (©NPK)

Annonse