Annonse

Kinesiske eigarar tar Ekornes av børs

Dei kinesiske eigarane tvangsutløyser resten av eigarane i Ekornes og tar møbelprodusenten av børs.

Annonse

Det går fram av ei børsmelding frå selskapet. Qumei Home Furnishings Group har allereie fått kontroll over 98,36 prosent av aksjane og børsmeldinga tysdag er i tråd med det selskapet har varsla. Det er ikkje opplyst når Ekornes blir tatt av børsen.

Qumei gir dei siste eigarane 139 kroner per aksje, same pris som dei betalte eigarane som selde frivillig.

Onsdag morgon melder Oslo Børs at dei har suspendert aksjen frå børsen, som følgje av at Qumei tvangsutløyser resten av Ekornes-aksjane.

(©NPK)

Ekornes er no heileigd av kinesarar, som har tatt selskapet av børs. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix