Annonse

Kittelsen-måleri selt - ny prisrekord for måleri i Noreg

Måleriet «Guldhornet» som Theodor Kittelsen måla i 1903, vart tysdag kveld selt for 12,8 millionar kroner på ein auksjon halden av Blomqvist Kunsthandel i Oslo.

Annonse

«Guldhornet» hadde eit prisoverslag på 4-5 millionar kroner og blir karakterisert som eitt av dei ukjende meisterverka til kunstnaren, skriv E24.

Verket har ikkje vore vist fram for offentlegheita sidan 1964 og har vore i familien til seljaren sidan det vart kjøpt hos Blomqvist i 1903.

Det dyraste måleriet av Kittelsen som er selt i Noreg tidlegare, er akvarellen «Dompap på rima kvist» som vart selt for 1,3 millionar kroner i 2002.

Det dyraste måleriet som nokosinne er selt i Noreg er «Bestemors brudekrone» som Adolph Tidemand måla i 1869. Det gjekk under hammaren i 2002 for 6,2 millionar kroner. Inkludert salær enda prisen på 7,7 millionar kroner.

Den dyraste biletkunsten som er seld i Noreg, er eit trykk av Edvard Munch. Hammarprisen i 2007 for tresnittet «Vampyr» var 11,8 millionar kroner. Inkludert salær betalte kjøpar 14,1 millionar kroner for verket. Fleire andre trykk av Munch er selde for mellom 7 og 9 millionar kroner i Noreg.

Dei dyraste verka til Munch som er selde, har gått på auksjonar i anten New York eller London.

(©NPK)