Kjeldejakt i den britiske regjeringa etter lekkasje om Huawei

Ein lekkasje om Huawei har vakse til eit massiv skandale for den britiske regjeringa. No skal kjelda røykast ut.

Seint tysdag kveld kunne avisa The Telegraph melde at den britiske regjeringa har avgjort å la den kinesiske mobilgiganten Huawei delta i delar av utbygginga av 5G-nettet i framtida.

Lekkasjen om avgjerda kom etter eit møte i Storbritannias nasjonale tryggingsråd tidlegare same dag. Der deltar berre utvalde statsrådar og tryggingssjefar som har underteikna ein teielovnad som forpliktar dei til å halde tett om diskusjonane.

Bryt ein reglane, risikerer ein straffeforfølging.

Britiske medium melder at regjeringsråd Mark Sedwill gav deltakarane på møtet eit ultimatum om innan torsdag ettermiddag å nekte for at dei stod bak lekkasjen. Minst fire statsrådar skal ha følgt opp og erklært at det ikkje er dei.

Ifølgje Sky News kan det bli opna politietterforsking av saka.

Skandalen fell saman med ein bitter maktkamp i torypartiet, og fleire av medlemmene i tryggingsrådet blir rekna som heite kandidatar til å overta som statsminister når Theresa May går av.

Samtidig er avgjerda i seg sjølv kontroversiell på grunn av frykt for at Huawei kan bli ei bakdør for kinesisk spionasje.

(©NPK)

Storbritannias hardt pressa statsminister Theresa May blir på nytt ramma av politisk storm. Foto: Francisco Seco / AP / NTB scanpix