Kjelder: Huawei-topp kan snart bli sett fri i Canada

Huaweis finansdirektør Meng Wanzhou kan snart bli set fri etter tre års varetekt i Canada, opplyser kjelder til Wall Street Journal.

Meng, som er dottera til den kinesiske telekom-gigantens grunnleggjar Ren Zhengfei, skal ha inngått ein avtale som inneber at ho får forlate Canada. Det opplyser kjelder med kjennskap til saka til avisa Wall Street Journal.

Meng har sete i varetekt i Canada sidan 2018 på grunn av eit utleveringskrav frå USA. Ho blir skulda av amerikanske styresmakter for bedrageri og brot på amerikanske sanksjonar mot Iran.

Opplysningane om ei mogleg lauslating er ikkje offisielt stadfesta. Men USAs justisdepartement kunngjorde fredag at dei vil presentere ei løysing på saka.

Ifølgje Wall Street Journal skal Meng fredag delta via videolink i eit rettsmøte i ein føderal domstol i New York. Der vil ho erklære seg skuldig i mindre lovbrot. Samtidig vil den mest alvorlege skuldinga om bedrageri bli droppa.

Dette igjen vil føre til at ho kan få reise heim til Kina utan å risikere å bli utlevert til USA. Avtalen skal ifølgje avisa berre gjelde Meng. Skuldingane mot selskapet Huawei blir halde oppe.

Arrestasjonen og varetektsfengslinga av Meng har vore med på å forverre forholdet mellom Canada og Kina. Dersom ho faktisk blir sett fri, kan det få betydning for to canadiarar som sit fengsla i Kina. Den eine, Robert Schellenberg, er dømt til døden for narkotikasmugling, medan forretningsmannen Michael Spavor er dømd til elleve års fengsel for spionasje.

(©NPK)