Annonse

Kjelder: Mike Pence gratulerte Kamala Harris

USAs visepresident Mike Pence ringde fredag til etterfølgjaren sin Kamala Harris for å gratulere henne med valsigeren i november, ifølgje fleire medium.

Annonse

Dette er visstnok første gongen dei to har snakka med kvarandre sidan TV-debatten deira i oktober. Kjelder med kjennskap til telefonsamtalen seier at Pence var vennleg innstilt og tilbaud Harris all mogleg støtte.

President Donald Trump har ikkje snakka med Joe Biden eller gratulert han med valsigeren. Tvert imot har Trump komme med stadige ugrunna påstandar om valjuks.

I staden har Pence den siste tida teke på seg fleire av dei seremonielle pliktene til presidenten, som å helse på soldatane frå nasjonalgarden som no vaktar kongressbygningen. Han vil òg vere til stades ved innsetjinga av Biden, som Trump nektar å vere med på.

(©NPK)

Visepresident Mike Pence helser på medlemmer av nasjonalgarden som vaktar Kongressen i forkant av innsetjinga av Joe Biden som president neste veke.
Foto: Alex Brandon / AP / NTB