Annonse

Kjerkol vil at fastlegar skal sleppe å dokumentere elevfråvær

Helse og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) meiner fastlegane bør få sleppe å dokumentere elevfråvær.

Uttalen kom etter kommunetalen til ministeren på KS' nasjonale helsekonferanse 2023, skriv Dagens Medisin.

På spørsmål om korleis ein skal hindre at fastlegar sluttar i jobbane sine, uttrykte ministeren at dei jobbar med å ta bort unødvendige oppgåver, mellom anna meiner ho at elevfråvær er noko legane bør få sleppe å dokumentere.

– Akkurat fråværsreglane i vidaregåande skal kunnskapsministeren få svare på, men eg meiner at det er ei oppgåve fastlegane burde sleppe, seier Kjerkol.

(©NPK)

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol meiner fastlegar bør få sleppe å dokumentere elevfråvær. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK