Møre

Ytringsfridomskommisjon går laus på vidt mandat

Den nye ytringsfridomskommisjonen tar mål av seg til å hamle opp med hatefulle ytringar, falske nyheiter og skjerpe tonen overfor teknologigigantar.

Kulturminister Abid Raja (V) presenterte fredag den nye kommisjonen, som skal leiast av administrerande direktør i Tinius-stiftinga, Kjersti Løken Stavrum.

Førre gong ei liknande gruppe vurderte vilkåret til ytringsfridomen, var i 1999. Stavrum synest det er på høg tid med ein ny gjennomgang, og ho lovar at kommisjonen ikkje skal bli ein skravleklubb for folk med klippekort i Dagsnytt 18.

– Nei, det ville ikkje vere nokon grunn til å setje ned ein kommisjon viss det skulle vere sånn, seier Stavrum til NTB.

Konkrete forslag

Stavrum har klare ambisjonar om at det skal kome konkrete forslag ut av arbeidet, og at folk vil oppleve at det gjeld dei.

I 1999 var internett framleis på eit tidleg stadium, kommentarfelt og sosiale medium fanst ikkje. Utviklinga dei siste åra blir omtala som ein revolusjon, der ytringsfridomen samtidig er styrkt og sett under press.

– Vi har hatt ein lang diskusjon allereie om problema rundt ytringsfridomen, og no er det på tide å sjå på kva vi kan og bør gjere med det, seier Stavrum.

Ho nemner ferske dommar frå Høgsterett om ytringar i sosiale medium som ein stad å byrje. Kommisjonen bør òg sjå på kva grep som er gjorde i land som Finland og Storbritannia, som har fått merksemd internasjonalt for korleis dei taklar desinformasjon og falske nyheiter, meiner ho.

Vidt mandat

Mandatet frå Kulturdepartementet er vidt, påpeikar ekspert på ytringsfridom og jurist Anine Kierulf. Ho meiner kommisjonen er viktig for å fremje meir medvit og hente inn kunnskap om stillinga til ytringsfridomen i ein digital tidsalder.

Om innspel frå ein regjeringsoppnemnd kommisjon vil ende med at folk endrar åtferda i kommentarfelta, er ho usikker på.

– Eg veit ikkje i kva grad dei kan kome med bidrag for å endre kommunikasjonskulturen, seier Kierulf til NTB.

Skal fremje brei deltaking i ordskiftet

Mandatet gir gruppa i oppdrag å sjå på stillinga til ytringsfridommen i Noreg i dag og hente erfaringar frå ulike grupper i samfunnet. Det omfattar òg ei rekkje tiltak:

  • Fremje brei deltaking i det offentlege ordskiftet
  • Legge til rette for velfungerande kanalar for formidling av informasjon og samfunnsdebatt
  • Sjå på ytringar som er verna av ytringsfridomen, men som er problematiske fordi det reduserer dei reelle moglegheitene i utsette grupper for deltaking
  • Kjempe mot desinformasjon og påverknadskampanjar i det offentlege rommet
  • Fremje motstandsdugleik og kritisk medieforståing hos folk flest
  • Motverke spreiing av ulovleg og skadeleg innhald på elektroniske plattformer og sosiale nettverk. Vurdere internasjonalt samarbeid og eventuelt regulering
  • Vurdere rolla til pressa. Mellom anna sjå på om truslar og hets mot journalistar kan føre til sjølvsensur

Mangfaldig gjeng

Løken Stavrum får med seg ei mangfaldig gruppe på til saman 18 medlemer i arbeidet, mellom anna rapparen Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid frå gruppa Karpe, mediekritikar Anki Gerhardsen, samfunnsdebattant Kjetil Rolness og Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk. Andre som skal bidra, er førstelektor og tidlegare redaktør Bård Borch Michalsen, Adele Matheson Mestad, direktør for Noregs institusjon for menneskerettar, og Raudt-politikar Mímir Kristjánsson.

– Felles for medlemene er at dei har eit sterkt engasjement for ytringsfridomen, og at dei – på kvart sitt felt – har markert seg i samfunnsdebatten, seier Raja.

Fakta om Ytringsfridomskommisjonen

Kulturdepartementet har utnemnt ein ytringsfridomskommisjon med desse medlemmene:

  • Kjersti Løken Stavrum, administrerande direktør, Oslo (leiar)
  • Ragna Aarli, professor, Bergen
  • Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid, artist, Oslo
  • Eirin Eikefjord, journalist, Bergen
  • Anki Gerhardsen, frilansjournalist, Bodø
  • Nils Johan Heatta, instituttleiar, Kautokeino
  • Bente Kalsnes, førsteamanuensis, Oslo
  • Sebastian Klein, pedagogisk leiar, Trondheim
  • Mímir Kristjánsson, politikar, Stavanger
  • Adele Matheson Mestad, direktør, Oslo
  • Bård Borch Michalsen, førstelektor, Harstad.
  • Steinar Jørgensen Olsen, arbeidande styreleiar, Kristiansand
  • Shabana Rehman, dagleg leiar, Spydeberg
  • Begard Reza, generalsekretær, Oslo
  • Kjetil Rolness, skribent, Oslo
  • Vebjørn Selbekk, sjefredaktør, Moss
  • Jan Inge Sørbø, professor, Volda
  • Sarah Zahid, student, Bergen

Kjelde: Regjeringa

Leiaren av den nye ytringsfridomskommisjonen, Kjersti Løken Stavrum, saman med kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) under presentasjonen av den nye kommisjonen på Litteraturhuset i Oslo fredag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja presenterte fredag den nye ytringsfridomskommisjonen på Litteraturhuset i Oslo. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...