Annonse

Klæbo antydar at han går Tour de Ski

I ein videoblogg seier Johannes Høsflot Klæbo langt på veg at han går Tour de Ski. Det vil vere første gong han er med til skifesten i Mellom-Europa.

Annonse

Den endelege stadfestinga kjem før helga.

- Då kryssar vi fingrane for ei god jul, Tour de Ski og alt som er. Om eg går då, seier Klæbo smilande i eit klipp lagt ut på YouTube og held fram:

- Eg kryssar fingrane for det no. Eg leier ikkje Skandinavisk Cup, men håpar at eg kanskje har gjort meg fortent til det. Vi får vente til torsdag, då kjem det (uttaket).

Klæbo droppa i fjor Tour de Ski for å stå best mogleg rusta til OL i Pyeongchang. Også denne sesongen har det vore usikkert om han blir med. I februar skal verdseliten kjempe om VM-medaljar i austerrikske Seefeld.

Fleire av landslagsløparane har signalisert at det kan vere aktuelt å droppe det tøffe rennprogrammet før og etter nyttår. I samband med verdscuprennet til helga i Davos sa Therese Johaug at heller ikkje ho er heilt sikker på at det blir Tour-start.

Av dei norske kvinnene er den dobbelte OL-meisteren Ragnhild Haga den som har vore mest tydeleg på at det ikkje blir aktuelt å gå Tour de Ski. Ho hadde suksess med å droppe Touren føre vinterleikane i Sør-Korea sist sesong.

(©NPK)

Johannes Høsflot Klæbo tok laurdag sin første verdscupsiger for sesongen. I ein videoblogg går han langt i å bekrefte at han går Tour de Ski. Foto: Gian Ehrenzeller / Keystone / AP / NTB scanpix