Klæbo får svensk skismørjar
Svenske Mikael Book blir Johannes Høsflot Klæbos nye faste hjelper i den norske smørjebussen.
Det stadfestar smørjesjef Tord Hegdahl overfor Adresseavisen måndag.
– Mikael har vore i teamet så lenge Johannes har gått verdscup, og dei kjenner kvarandre frå før, seier Hegdahl til avisa.
Dei to møttest mellom anna i Östersund på seinsommaren for å teste ski.
Klæbo har dei siste sesongane hatt Frode Pedersen som smør. Tidlegare i år vart det likevel klart at Pedersen sluttar i Skiforbundet.
Klæbo har slite med sjukdom den siste tida, men skal vere klar til renna i Ruka kommande helg.
– Det har ikkje komme nokon krav frå Johannes om kven han ønskjer seg som smørar, men vi har hatt jamleg kontakt heilt sidan i vår. Vi har diskutert korleis vi skal få alt til å flyte best mogleg, og vi har landa på at han og Mikael er ein bra match. Så skal det seiast at heile smørjetraileren er delaktige i arbeidet med Johannes ski, seier Hegdahl.
(©NPK)
Johannes Høsflot Klæbo har fått ny smørjarr. Foto: Lise Åserud / NTB