Annonse

Klæbo takkar for massiv støtte – vil ikkje uttale seg om ankesaka

Johannes Høsflot Klæbo har fått tusenvis av støtteerklæringar etter femmilsdramaet i VM som enda med disk. Engasjementet tok skistjerna på senga.

Annonse

Det opplyser pappa Haakon Klæbo i ein e-post til NTB eit drygt døgn etter den mykje omtalte målgangen i Oberstdorf.

Klæbo var først over målstreken på femmila, men vart etter lange diskusjonar og protestar frå både norsk og russisk side diska for å obstruert Alexandr Bolsjunov.

Dagen etter byrjar langrennsstjerna å få situasjonen litt på avstand.

– Det er klart at situasjonen som oppstod i går pregar han, men den verste skuffelsen har nok lagt seg. Tallause tilbakemeldingar og støtte frå fjern og nær har gjort han godt, seier pappa Haakon Klæbo.

Tusenvis av støttemeldingar

Han opplyser vidare at sonen har fått støtteerklæringar i overraskande stort tal det siste døgnet.

– Den støtta som Johannes opplevde i går, set han veldig stor pris på. Både han og vi har nok forstått at skifamilien og engasjementet til folk er langt større enn kva nokon av oss kunne sett for oss, seier Haakon Klæbo – og utdjupar:

– Tilbakemeldingane har vore støttande, og ikkje minst mange. Faktisk mange tusen i tal.

Skiforbundet har varsla at det blir jobba med å anke avgjerda om å diskvalifisere Klæbo til Det internasjonale skiforbundets appellkomité.

Den vidare prosessen vil pappa Klæbo seie minst mogleg om.

– Skiforbundet har sett ned ei gruppe gode ressursar som arbeider med ankesaka. Vi har sagt kva vi meiner om den saka, så får det vere opp til FIS å ta endelege stilling til anken når den kjem, seier han.

Rørt morfar

I uttalen på måndag set òg morfar og trenar Kåre Høsflot ord på korleis han opplevde det intense Oberstdorf-dramaet på søndag. Han seier han vart rørt av å sjå prestasjonen til barnebarnet.

– Klart eg vart rørt av Johannes i går. For det første var prestasjonen heilt enorm. For det andre var nedturen etterpå svært vanskeleg å takle, seier han.

Kåre Høsflot kallar vidare VM-femmila ei oppleving for livet og hevdar at barnebarnet sette kritikarane sine på plass.

– Eg vil påstå at det var det beste rennet Johannes nokosinne har gått – og kanskje det viktigaste. Der fekk han kraftig poengtert at han er litt meir enn ein sprintar – og at repertoaret hans er breiare enn kva kritikarane har meint og trudd. Eg har ikkje ord for å beskrive prestasjonen hans i går.

Overraska er Kåre Høsflot samtidig ikkje over den sterke prestasjonen. Han seier han har visst at kapasiteten var der, men at det berre mangla beviset for det.

Klar for ny femmil

Hovudpersonen sjølv sette måndag kursen for sveitsiske Engadin. Der skal Johannes Høsflot Klæbo avslutte verdscupen kommande helg.

På programmet står mellom anna ei ny femmil. Renna i Sveits erstattar dei avlyste konkurransane i Holmenkollen.

– Det er klart at oppladinga ikkje er ideell, men han er klar for konkurransar igjen. Så får vi sjå korleis det blir, seier pappa Klæbo.

I tillegg til femmil jaktstart skal det òg gåast 15 kilometer i klassisk stil fellesstart i Engadin.

(©NPK)

Johannes Høsflot Klæbo er skuffa etter femmilsdramaet. Foto: Terje Pedersen / NTB