Kleveland forsvarte VM-tittelen i slopestyle: – Sinnssjukt

Marcus Kleveland (23) slo tilbake etter ein svak start og tok sitt andre strake VM-gull i slopestyle måndag. Han var klart best i snøbrettfinalen i Georgia.

Kleveland stilte til start som regjerande meister etter triumfen i amerikanske Aspen i 2021. Han var nær ved å ikkje kvalifisere seg til finalen, men greidde det med fattige 1,82 poengs margin.

I finalen gjorde Dombås-utøvaren det svært spennande då han fall i sitt første forsøk. Dermed måtte han levere i det siste, og det gjorde han med glans. Med 87,23 poeng sikra han gullet.

– Det er alltid nervepirrande å stå på slutten og måtte sjå resten av utøvarane. Det er det verste, men vi enda opp på topp. Eg kunne ikkje vore meir glad. Det er sinnssjukt, sa Kleveland i eit intervju gitt til arrangøren.

Japanske Ryoma Kimata tok sølvet med 83,45 poeng, medan amerikanske Chris Corning (82,18 poeng) enda på bronseplass.

– Han er i ein eigen klasse akkurat no i denne VM-finalen, sa Viaplay-ekspert Silje Norendal om Kleveland.

Før start peika Kleveland på utfordringar railseksjonen i enden av løypa. Den skapte trøbbel for nokon i kvinnekonkurransen tidlegare måndag, men stoppa ikkje Kleveland. Med eit godt samansett «run» vann han finalen.

– Det er digg … Han liker å gjere det spennande for oss. Det «runnet» der sat, sa landslagstrenar Morten Kleivdal.

Medaljehåp

Røisland vart nummer to i kvalifiseringa, og i finalen gjorde han eit godt første forsøk. Han låg då rett utanfor pallen, og med eit fall i siste forsøk vart det ingen medalje. Han enda på fjerdeplass med 78,90 poeng.

Kleveland og Røisland tok begge medalje i slopestyle i X-Games nyleg. Kleveland plukka sølvet, medan Røisland enda på bronseplass. Kleveland vann verdscuprennet i slopestyle i sveitsiske Laax seint i januar og leiar verdscupen.

Det var dermed knytt mykje spenning til finalen måndag. Der innfridde Kleveland.

Kraftig vind har forseinka konkurranseprogrammet i Bakuriani, men måndag var det fine forholdet i bakken.

Gulljubel for 16-åring

I kvinnekonkurransen vart britiske Mia Brookes verdsmeister i det første VM-rennet sitt nokosinne. Ho fylte 16 år i januar og vann med 91,38 poeng føre regjerande dobbeltmeister Zoi Sadowski-Synnott (21) frå New Zealand.

Den regjerande olympiske meisteren vart påskjønt med 88,78 poeng for sitt beste forsøk, medan japanske Miyabi Onitsuka tok bronsen med 83,05.

Hanne Eilertsen og Bettina Roll rauk begge ut i kvalifiseringa.

Det neste for teknikarane er halfpipe 3. mars. Etter det ventar big air, der Noreg har nye vinnarsjansar. Kleveland tok bronse i øvinga i 2019 og 2021 og vann big air-konkurransen i X-Games nyleg.

(©NPK)

Marcus Kleveland tok gull i slopestyle i VM i Georgia måndag. Foto: Heiko Junge / NTB