Annonse

Klimaforskarar frå 19 land skal halde til eitt år i Nordishavet

Forskingsskipet Polarstern legg fredag kveld ut på den største polarekspedisjonen i historia. Målet er å auke forståinga av globale klimaendringar.

Forskarar frå 19 land skal undersøke Arktis som episenteret for oppvarming og auke forståinga av global oppvarming. Dataa som blir samla inn, skal bli brukt av klimaforskarar over heile kloden.

Forskingsskipet reiser frå Tromsø og skal halde til eitt år i isen i Nordishavet. Ekspedisjonen har fått namnet Mosaic. Gjennom året skal 600 forskarar vere om bord i ulike periodar.

Historisk polarekspedisjon

- Vi er som ein maurtue her. Vi har nokre problem i siste augneblink, men vi ordnar det. Vi tar av i kveld, seier ekspedisjonsleiar Markus Rex ved det tyske forskingsinstituttet Alfred-Wegener-Institut.

Det har aldri før vorte gjennomført ein arktisk ekspedisjon i dette omfanget.

Den tyske isbrytaren Polarstern kan drive over det sentrale Arktis, i ein region som elles har vore utilgjengeleg, i vinterhalvåret på den nordlege halvkula. Dei som er stasjonerte under oppdraget, vil møte lange periodar med mørke og temperaturar ned mot minus 45 grader.

Inspirert av Fridtjof Nansen

Forskarane skal følgje ruta frå Fritjof Nansens berømte ekspedisjon på slutten av 1800-talet.

Ekspedisjonen låner òg ein idé frå polfararen, som utnytta havstraum for å klare å drive rundt i sentrale Arktis. Isen i Nordishavet er for tjukk sjølv for isbrytarar å trenge gjennom, skriv New Scientist.

Over 70 vitskaplege institutt frå nesten 20 land har arbeidd for å få polarekspedisjonen til å skje.

(©NPK)

Forskingsskipet Polarstern reiser frå Tromsø fredag og skal vere eitt år i isen i Nordishavet.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

Det vart halde ein pressekonferanse om polarekspedisjonen MOSAIC på Framsenteret i Tromsø. F.v.: Vladimir Sokolov, Matthew Shupe, ekspedisjonsleiar Markus Rex, Pauline Snoeijs-Leijonmalm og kaptein Stefan Schwarze. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix