Klimatoppmøtet: CO2-fangst tvingar seg fram

Kan stormaktene bli karbonnøytrale innan 2050? Det blir eit brennande spørsmål på klimatoppmøtet. Viss ikkje, kan vi bli nøydde til å fjerne CO2 frå atmosfæren.

Karbonfangst og -lagring ligg an til å bli endå viktigare dersom vi skal ha nokon som helst sjanse til å oppnå målet som vart sett i Parisavtalen – å halde den globale oppvarminga under 2 grader, ifølgje forskingsdirektør Glenn Peters ved Centre for International Climate Research.

– Vi treng drastiske og radikale utsleppskutt, og på toppen av det må vi ha negative utslepp der CO2 blir fjerna frå atmosfæren og bunden opp, seier Peters til AFP.

To metodar

Det er i hovudsak to måtar å fjerne CO2 på. Den eine er å hjelpe naturen med å fange karbon som menneskeleg forbrenning har tilført atmosfæren. Det kan skje ved å plante øydelagt skog opp att, sørgje for at tapt mangroveskog under vatn kjem tilbake, eller hjelpe naturen med å lagre CO2 i bergartar eller i havet. Dette er dei omdiskuterte naturlege løysingane for å fange CO2.

Direkte karbonfangst er den andre hovudmetoden. Ved hjelp av kjemiske prosessar blir CO2 teke ut av lufta eller hindra i å gå til luft før ho anten blir resirkulert til industriell bruk eller lagra i porøse steinformasjonar.

På den norske sokkelen har denne typen lagring av CO2 vorte brukt på Sleipnerfeltet sidan 1996 og på Snøhvit sidan 2008. Her skjer lagringa i saltvassfylte porer i sandstein som blir forsegla med eit naturleg tak av leire eller stein.

Bioenergi

Ein tredje variant – bioenergi med karbonfangst og -lagring – kombinerer element frå dei to hovudkategoriane. Her blir biomasse frå tre gjort om til biodrivstoff eller brennstoff for turbinar som produserer straum. CO2-utsleppa frå forbrenninga av biomassen blir nulla ut av karbonet som blir fanga når trea veks.

Men sjølv om verda elles skulle klare å redusere CO2-utsleppa med 4–5 prosent i året, er det fleire sektorar som ifølgje forskarane er venta å halde oppe dei høge utsleppa sine i fleire tiår. Det gjeld sement- og stålproduksjon, langdistanseflygingar og jordbruk.

– Vi har mange modellar, men ingen veit kva vi treng av tiltak i 2050. Det vil vere attverande utslepp, og mengda kan vere veldig stor, seier karbonfangstekspert Oliver Geden.

Blir verande i atmosfæren

I august kom FNs klimapanel (IPCC) med endå ein sterk grunn til å intensivere fangsten og avgrense utsleppa av CO2. I den siste rapporten sin slår IPCC fast at 1,5-gradersgrensa for oppvarming vil bli broten dei næraste tiåra same kor mykje vi klarer å redusere utsleppa av klimagassar.

Årsaka til det er at CO2 blir verande i atmosfæren i veldig lang tid. Dette betyr at den einaste måten å få oppvarminga under 1,5-gradersmålet er å fjerne CO2 frå atmosfæren før hundreårsskiftet.

Treplanting

Då forskarar i 2019 foreslo å plante 1.000 milliardar tre for å binde opp C02, vart forslaget møtt med begeistring. Ikkje minst frå oljeselskap som har gjort treplanting til ein hovudpilar i strategien sin for å kunne oppfylle sin del av Parisavtalen.

Men forslaget blir slakta av ekspertar på området. Dei viser til at ei så massiv treplanting vil omskape eit område som er dobbelt så stort som India, til monokulturskogar. Treplanting for å binde CO2 er dessutan sårbart for klimadrivne skogbrannar som kan gjere at vinninga går opp i spinninga.

Den mest omtalte, men minst utvikla CO2-fangstmetoden er å binde CO2 frå lufta.

– Det er så sexy, men mykje handlar om marknadsføring i glansa brosjyrar som stimulerer fantasien, seier Oliver Geden.

I september opna det største anlegget i verda for å fange CO2 frå luft på Island. På eitt år klarer anlegget å fange 4.000 tonn CO2 rett ut av lufta.

Krev negative utslepp

Fangst og lagring av CO2 er ifølgje ekspertane i ferd med å bli eit politisk spørsmål, og det ligg an til å bli eitt av dei store stridstemaa under det kommande klimatoppmøtet i Glasgow 1.–12 november. Både Kina og India krev at industrialiserte land oppnår negative utslepp innan 2050.

Men for David King, som leier den uavhengige klimaekspertgruppa Climate Crisis Advisory Group, er ikkje dette godt nok.

– Vi må revidere dei globale måla frå nullutslepp og forplikte oss til strategiar som gir negative utslepp, seier han.

(©NPK)

Utsleppa av CO2 til luft blir verande i atmosfæren så lenge at klimaekspertar meiner det allereie er for seint å oppnå 1,5-gradersmålet frå FNs klimapanel innan 2050. Foto: Cornelius Poppe / NTB

På Sleipner i Nordsjøen har det vorte lagra CO2 i grunnen lenger enn nokon annan stad i verda. Fangst og lagring ligg an til å bli eit stort stridstema under det kommande klimatoppmøtet i Glasgow. Foto: Marit Hommedal / NTB

Tre bind opp CO2, og massiv treplanting blir lansert som eit klimatiltak. Ekspertane er skeptiske og viser til at det må enorme areal til. Dessutan kan innsatsen vere forgjeves dersom klimadrivne skogbrannar svir av den nye skogen. Foto: Vidar Ruud / NTB

Eit fransk raffineri spyr ut klimagassar til atmosfæren. C02 må ifølgje ekspertar takast ut av lufta og lagrast i bakken for å få oppnå klimamålet i verda. Foto: Laurent Cipriani / AP / NTB