Klimautgreiing får utsett frist

Den store utgreiinga «Klimakur 2030» er utsett til 1. februar 2020.

Det opplyser Klima- og miljødepartementet i ei pressemelding.

«Klimakur 2030» -utgreiinga skulle eigentleg ha vore ferdig til 15. desember, men Miljødirektoratet har no fått innvilga søknaden sin om ekstra tid til å bli ferdig med dei omfattande analysane.

«Departementet ser at ei tidsramme på sju månader er knapt for eit så omfattande oppdrag. Til samanlikning blei det brukt halvtanna år på Klimakur 2020-rapporten som blei lagt fram i 2010», blir det påpeika i pressemeldinga.

Utgreiinga skal vise korleis Noreg kan få ned utsleppa av klimagassar på heimebane med opptil 50 prosent innan 2030 i dei sektorane som ikkje er dekt av EUs kvotesystem.

Det er dermed transport, jordbruk, avfall og bygg som skal under lupa. Utgreiinga vil òg sjå på tiltak for dei delane av industrien og petroleumsverksemda som ikkje er med i kvotesystemet. I tillegg skal Miljødirektoratet sjå på skog og arealbruk.

Klima- og miljødepartementet har samtidig avgjort at utgreiinga skal sendast ut på offentleg høyring når den er klar. Det skjer etter at regjeringa har fått kritikk av opposisjonen for hemmeleghald rundt planlegginga av nye klimatiltak.

(©NPK)

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) gir Miljødirektoratet ekstra tid til å bli ferdig med den store utgreiinga «Klimakur 2030». Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix