Annonse

Klopp har truleg toppa Liverpool-tropp i meisterligafinalen

Jürgen Klopp vil høgst sannsynleg ha eit tilnærma fulltalig Liverpool-mannskap å ta av i meisterligafinalen mot Real Madrid laurdag.

Annonse

Det opplyste den tyske Liverpool-manageren om på pressekonferansen før oppgjeret fredag.

Liverpool har dei siste vekene slite med skadar på nøkkelspelarar, der både Fabinho, Salah og Thiago har måtta forlate grasmatta med kjenningar i høvesvis lår, lyske og kne.

I Premier League-avslutninga mot Wolverhampton måtte Thiago av banen midtvegs, medan Salah fekk sine første minutt etter skaden sin. No ser det ut til at alle er klare til å jage den tredje tittelen til klubben for sesongen.

– Det ser bra ut både for Thiago og Fabinho. Thiago trena med laget i går og Fabinho trena som normalt, sa Klopp.

Til stades på pressekonferansen var også Liverpools backpar Andrew Robertson og Trent Alexander-Arnold.

– Du kan prøve ditt beste på å seie at det berre er ein vanleg kamp, men vi merker på oppstyret rundt at det er noko spesielt. Det er den siste kampen i sesongen og ein kamp alle vil spele, sa Alexander-Arnold.

(©NPK)

Liverpool-manager Jürgen Klopp vil truleg ha den spanske midtbanestjerna Thiago klar til meisterligafinalen. Foto: Jon Super / AP / NTB