Klopp vil forlate Liverpool når kontrakten går ut

Jürgen Klopp har gjort stor suksess som Liverpool-trenar, men når den noverande kontrakten hans går ut i 2024 har tyskaren lyst til å ta eit friår.

Heldigvis for Liverpool-fansen signerte den populære tyske trenaren i desember ein kontrakt med Merseyside-laget som strekk seg ut 2023-24-sesongen.

Men i eit intervju med SWR Sport, gitt att av mellom anna Daily Mirror, kunngjer Klopp at han har tenkt å ta ein pause på eitt år dersom han etter all sannsyn får bli i Liverpool ut kontrakten.

Planen til Klopp er at han om fire år, etter totalt ni år som Liverpool-trenar, ønskjer å «ikkje gjere noko i eitt år». Men etter den planlagde pausen sin frå fotballen er ikkje den tyske trenaren sikker på kvar eller om han kjem til å vere trenar.

– Kanskje ein klubb, eit landslag eller ikkje noko i det heile. Om fem år kan verda sjå veldig forskjellig ut, seier Klopp.

Ønskjer spesiell feiring

Men først ønskjer trenaren å halde fram med å vinne titlar med Liverpool. Etter å ha vunne Meisterligaen for eitt år sidan, vart det første seriegullet til klubben sidan 1990 sikra i slutten av juni.

Premier League-tittelen måtte dei vente ekstra lenge på etter opphaldet i fotballen grunna koronapandemien. Koronaviruset set òg ein stoppar for ei offisiell feiring med det første, men når situasjonen tillèt det fortel Klopp at han ønskjer å feire på ein storslått måte.

– Vi kjem til å prøve å feire tittelen på ein spesiell måte. Vil ønske å feire livet. Folk kan no planleggje lenger slik at dei kan vere der. Kanskje vi kan lage noko ut av det som aldri har skjedd før.

(©NPK)

Jürgen Klopp har gjort stor suksess som Liverpool-trenar. No planlegg han å ta eit friår når kontrakten med klubben går ut i 2024. Foto: Jon Super / AP / NTB scanpix