Annonse

Kommunedeling av Ålesund blir sett på pause

Arbeidet med å skilje Haram ut frå Ålesund kommune er sett på vent til finansieringa er avklart.

Det vart vedteke av eit fleirtal på eit møte i kommunestyret, skriv Sunnmørsposten.

Ifølgje Ålesund kommune vil delinga koste 237 millionar kroner.

I eit møte med kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) kom det ikkje ei nærare avklaring om kor stor del av delingskostnadene som blir dekte av staten.

Kommunalpolitisk talsperson for Høgre, Mudassar Kapur, meiner regjeringa stikk frå rekninga.

– Vedums prestisjeprosjekt har sett innbyggjarane i Ålesund i ein veldig vanskeleg situasjon. Det er ingen som får betre eldreomsorg eller skule av at pengar og tid blir brukt på å lage fleire kommunar og meir byråkrati, skriv han i ein e-post til NTB.

(©NPK)