Annonse

Komponisten og musikaren Burt Bacharach er død

Mannen bak kjende låtar som «Walk On By» og «Raindrops Keep Fallin' on My Head», er død. Burt Bacharach vart 94 år gammal.

Bacharach døydde i heimen sin i Los Angeles onsdag av naturlege årsaker, opplyser pressekontakt Tina Brausam torsdag.

Få låtskrivarar har hatt eit større talent for å lage hitlåtar gjennom siste halvdelen av 1900-talet. Det har vorte ei lang rekkje udødelege slagerar, som mange framleis har eit forhold til.

I løpet av ein karriere som varte frå 1950-talet til godt ut i det 21. hundreåret, skreiv han mellom anna «Do You Know the Way to San Jose?» «Alfie», «I Say a Little Prayer», «I’ll Never Fall in Love Again» og «This Guy’s in Love with You».

Han skreiv også filmmusikken til filmen «Arthur» frå 1981. Songen «That´s What Friends Are For», som Dionne Warwick spelte inn saman med fleire andre store artistar, vart ein stor slager i 1985.

Tett samarbeid

Komponisten var først og fremst kjend for samarbeidet sitt med Warwick. Men Bacharach har også skrive for Aretha Franklin, Dusty Springfield, Tom Jones og mange andre.

Elvis Presley, Beatles og Frank Sinatra er berre nokre få av dei mange som har laga sine eigne versjonar av Bachrachs musikk.

Bacharach var kjend for romantiske og melankolske balladar. Musikken kryssar jazz og pop, og mange av songane han skreiv, nådde høgt på hitlistene både i USA og Europa.

Vellykka låtskrivarduo

Bacharach vart fødd 12. mai 1928 i Kansas City i den amerikanske delstaten Missouri. Mor hans lærte han å spele piano, og han studerte musikk og komposisjon ved fleire amerikanske universitet. Etter å ha fullført militærtenesta vart han hyra inn av den tysk-amerikanske skodespelaren og songaren Marlene Dietrich som musikkarrangør for turneane hennar.

I 1957 møtte han låtskrivaren Hal David. Det vart starten på eit langt samarbeid der David skreiv tekstar til Bacharachs melodiar. Det var dei to som på starten av 1960-talet oppdaga talentet til Dionne Warwick, då ho var korist for The Drifters.

Oscar og Grammy

Dei leverte ei rekkje slagerar som hamna på hitlistene gjennom 1960-talet. I 1970 vann David og Bacharach to Oscar-prisar for filmmusikken til «Butch Cassidy and the Sundance Kid». Blant songane i filmen var den berømte «Raindrops Keep Fallin´ on My Head».

Samarbeidet mellom dei to tok slutt på 1970-talet på grunn av ein krangel om pengar etter eit mislykka filmprosjekt.

Bacharach fekk i alt seks Grammy-prisar.

Burt Bacharach vart 94 år gammal. Arkivfoto: Luca Bruno / AP / NTB

Bacharach komponerte mange songar for Dionne Warwick, men ei lang rekkje andre artistar laga eigne versjonar av musikken hans. Foto: AP Photo / Chris Pizzello / NTB

I 1970 fekk Burt Bacharach Oscar for beste filmmusikk til filmen «Butch Cassidy and te Sundance Kid». Arkivfoto: AP / NTB