Annonse

Kong Harald blir friskmeld

Kong Harald er friskmeld frå og med 1. november etter hjarteklaffoperasjonen.

Annonse

Det opplyste Slottet i ei pressemelding fredag.

Den 9. oktober gjennomgjekk kongen ein vellykka hjarteklaffoperasjon. Det vart då varsla at kong Harald kom til å vere sjukmeld ut oktober.

Kongen fekk sett inn ein ny biologisk hjarteklaff, sidan den gamle kunstige hjarteklaffen hans trong utskifting.

Kong Harald fekk i 2005 sett inn ein kunstig hjarteklaff. Slike hjarteklaffar har ein levealder på 10 til 15 år. Det er derfor ikkje uvanleg at slike inngrep må gjerast om igjen etter ei tid.

Inngrepet vart utført via lysken med lokalbedøving, og kongen var vaken under operasjonen, som vart karakterisert som vellykka. Alt same ettermiddagen fekk den nyopererte kongen besøk av dronning Sonja og kronprins Haakon.

Medan kongen har vore sjukmeld, har kronprins Haakon steppa inn og overteke ein del av dei vanlege oppgåvene hans.

Kong Harald er friskmeld etter å ha vore gjennom ein hjarteklaffoperasjon. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK