Annonse

Kong Harald kjem til handball-EM i Trondheim

Kong Harald vil vere på tribunen i Trondheim når Noregs handballherrar speler opningskampen sin i EM-sluttspelet i januar neste år.

- Det er veldig hyggeleg at Kongen har takka ja til å vere til stades ved EM, seier president i Norges Håndballforbund, Kåre Geir Lio, i ei pressemelding.

Noreg er medarrangør av handball-EM for menn i januar 2020, saman med Sverige og Austerrike. Noreg møter Bosnia-Hercegovina (10. januar), Frankrike (12. januar) og Portugal (14. januar) i gruppespelet.

- Vi har hatt Kongen som gjest òg tidlegare, både under handballmeisterskap på heimebane, på NM-finalar og i samband med Dei olympiske leikane. Han har vist seg som ein svært engasjert og oppdatert tilskodar. Vi gleder oss til å vise han den nye arenaen, og ikkje minst la han få oppleve verdsklassehandball med dei folkekjære handballgutane i spissen, seier Lio.

Kongen var òg på tribunen då handballjentene vart verdsmeistrar på heimebane på Lillehammer i 1999. Den dramatiske finalen vart avgjort etter doble ekstraomgangar.

(©NPK)

Kong Harald vil vere til stades når handball-EM blir spelt i Trondheim neste år. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix