Annonse

Kongen om bruk av prinsessetittelen til Märtha Louise: - Vi prøver å få til ei ordning

Kong Harald stadfestar overfor NRK at Kongehuset er i dialog om kommersiell bruk av prinsessetittelen.

Det har vorte retta mykje kritikk Mot prinsesse Märtha Louise etter at ho har nytta prinsessetittelen i samband med marknadsføringa av turneen med sjaman Durek Verrett.

Kong Harald stadfestar at ein dialog om dette er i gang.

- På det noverande tidspunktet kan vi ikkje seie kor langt vi er komne i dialogen. Men vi prøver å få til ei ordning, seier han til NRK.

På direkte spørsmål frå kanalen på om saka har vore belastande for kongefamilien, svarer kongen dette:

- Nei, eigentleg ikkje.

Denne veka er kongeparet på fylkesbesøk i Hordaland. Dei første dagane var dei i Hardanger med kongeskipet «Norge», medan dei tysdag var i Jondal og Odda.

(©NPK)

Kong Harald kjem på kongebesøk til Jondal går til Juklafjord friluftsområde saman med ordførar Jon Larsgård (to frå høgre) og fylkesmann Lars Sponheim (bak). Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Kongeskipet Norge inst i Sørfjorden. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Dronning Sonja på veg til land i Odda frå sjaluppen som fraktar dei frå kongeskipet Norge.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix