Kongen takka Putin for bursdagsgåve medan krigen i Ukraina gjekk føre seg

Kong Harald fekk ein vase til 85-års dagen frå Vladimir Putin før Russland gjekk til krig mot Ukraina. Takkebrevet gjekk til Putin etter at krigen braut ut.

24. februar 2022, invaderte Russland nabolandet Ukraina. Fleire veker seinare takka Kong Harald for bursdagsgåva han fekk frå Vladimir Putin 21. februar, skriv NRK.

Takkebrevet til Putin vart send frå Slottet 5. april, seks veker inn i krigen, via Utanriksdepartementet og den norske ambassaden i Moskva, opplyser Slottet.

– Kongen får som statsoverhovud ei rekkje gåver kvart år frå andre lands statsoverhovud og diplomatar. Kongen tek alltid imot desse gåvene og takkar for dei, seier kommunikasjonssjef Guri Varpe på Slottet til NRK.

VG har spurt Utanriksdepartementet om det er rett å sende takkekort i retning Russland, samtidig som krigen i Ukraina går føre seg:

– Det er generelt ikkje vanleg å takke nei til gåver. Det er vanleg at Slottet sender takkebrev. Slottet sender ofte desse breva direkte til mottakaren gjennom den norske ambassaden, skriv pressevakt Mariken Bruusgaard Harbitz i ein e-post til VG.

Den russiske ambassaden i Noreg stadfestar gåva overfor NRK:

«Gaven ble gitt til Hans Majestet sitt jubileum i samsvar med protokollskikken som er etablert hos oss,» skriv ambassaden i ein e-post.

(©NPK)

Kong Harald fekk ein vase i bursdagsgåve av Vladimir Putin i fjor. Takkebrevet gjekk til den russiske presidenten etter at krigen i Ukraina hadde brote ut. Foto: Javad Parsa / NTB / POOL