Klargjør siden...

Kongeparet minnest ein av dei viktigaste dagane i livet

(NPK-NTB): Det er folkefest og hagefest for heile kongefamilien i Trondheim torsdag. Høgdepunktet er likevel gudstenesta i Nidarosdomen, på dagen 25 år etter at kongeparet vart signa.

Kong Harald og dronning Sonja er halvvegs på jubileumsreisa si langs kysten. Torsdag kom dei til Trondheim med sjalupp frå Kongeskipet klokka 10. Der vart dei møtt av eit folkehav med flagg, på veg til folkefest i Ravnkloa. Også kronprinsparet og prinsesse Märtha Louise med familie deltek i feiringa i Trondheim.

I velkomsttalen trekte ordførar Rita Ottervik (Ap) linjene tilbake i norsk kongehistorie, via signingane av kong Olav i 1958 og kong Harald og dronning Sonja i 1991 til jubileet i dag. Ho minna kong Harald om at han har innrømt å vere ein skaptrøndar.

Kongeparet har sagt at signinga for 25 år sidan var ein dei viktigaste dagane i livet deira, og jubileumsgudstenesta i Nidarosdomen torsdag er eitt av høgdepunkta for dei. Gudstenesta klokka 12 med 1.100 gjester blir forretta av preses, biskop Helga Haugland Byfuglien.

På ettermiddagen blir det hagefest i Stiftsgården for spesielt inviterte. (©NPK)

Annonse