Annonse

Konkurransetilsynet: Så store prisforskjellar på daglegvarer at det kan vere lovbrot

Norgesgruppen får alltid betre vilkår frå leverandørane enn Coop og Rema 1000. For ein del varer er prisforskjellen på over 15 prosent.

Annonse

Konkurransetilsynet har det siste året gjort ei grundig kartlegging av innkjøpsvilkåra i den norske daglegvaremarknaden. Den viser til dels store forskjellar i innkjøpsprisane i daglegvarekjedene.

Norgesgruppen - som eig daglegvarekjedene Meny, Kiwi, Spar og Joker - får alltid betre vilkår i netto innkjøpspris, ifølgje funna. I nokre tilfelle skjer det òg når ein ser prisen i samanheng med ulike rabattordningar og liknande.

- Vi er overraska over at det er så store prisforskjellar. Prisforskjellar er i seg sjølv ikkje ulovleg, men dersom slike prisforskjellar har ført til at forbrukaren har betalt høgare prisar som følgje av dette, kan det vere eit brot på konkurranselova, seier konkurransedirektør Lars Sørgard.

- Kundar blir snytte for milliardar

Geir Inge Stokke, konsernsjef i Coop Noreg, reagerer sterkt på funna.

- Vi var klar over at det var ulike innkjøpsvilkår mellom kjedene, men på vegner av kundane, som er dei som eig Coop, er vi svært overraska og sjokkerte over dei store forskjellane, seier han.

Rema 1000 har i fleire år kritisert at dei har hatt ei konkurranseulempe og har ymta om at det kan dreie seg om så mykje som 1 milliard kroner, ifølgje DN.

Forskjellen er mykje større enn Rema-direktør Trond Bentestuen trudde.

- Hadde vi fått dei same vilkåra som Norgesgruppen, hadde kundane fått det som lågare prisar. Matkundane blir snytte for milliardar, seier han til NRK.

Prisforskjell på 15 prosent

Konkurransetilsynet har samla inn prisinformasjon frå til saman 16 leverandørar og har kartlagt nesten 3.000 produkt, noko som utgjer vel ein firedel av omsetninga i Rema 1000, Coop og Norgesgruppen.

For enkelte varer er prisforskjellen på over 15 prosent.

- Det er bra at vi no får fakta på bordet, og at Konkurransetilsynet følgjer opp dette, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Konkurransetilsynet gjekk tysdag til umeld kontroll hos Freia-eigaren Mondelez Noreg. Også Lilleborg AS og Norgesgruppen har hatt besøk.

Anne-Cecilie Kaltenborn, administrerande direktør i NHO Service og Handel, som organiserer aktørar i daglegvarebransjen, seier dei er glade for det grundige arbeidet som er gjort etter fleire års påtrykk frå organisasjonen og medlemsbedriftene.

Forskjell også i variable prisar

Kartlegginga er gjort for produkt som blir selde i alle daglegvarekjedene. Store kategoriar som eigne kjedemerkevarer og frukt og grønt eller bakarvarer har dermed ikkje vore eigna for samanlikning.

Aktørar i daglegvarebransjen har tidlegare protestert mot å berre sjå på grunnprisen når ein samanliknar innkjøpsvilkår.

Konkurransedirektør Sørgard vedgjekk at det ikkje alltid er openbert kva som er den mest relevante prisen å samanlikne med. Det finst ei rekke ulike rabattordningar og opplegg for felles marknadsføring som speler inn. Konkurransetilsynet har derfor laga fleire ulike analysar som tar omsyn til ulike ordningar og ulik vekting. Men resultatet er grovt sett det same, uavhengig av kva for analyse som blir lagd til grunn.

- Sjølv om forskjellane er mindre i variable prisar enn på nettoprisar, vil vi framleis karakterisere forskjellane som store, seier Sørgard.

Drøftar forbod

Konkurransetilsynet påpeikar òg at ein del leverandørar har små prisforskjellar. Sørgard meiner det er overraskande at spriket er såpass stort mellom dei ulike leverandørane.

Enkelte aktørar har fremja krav om lovregulering av forhandlingar, gjennom eit såkalla forbod mot prisdiskriminering. Nærings- og fiskeridepartementet har nedsett ei ekspertgruppe som skal drøfte spørsmålet. Innstillinga deira kjem i januar 2020.

Direktør Lars Sørgard og Sigurd Birkeland, leiar for daglegvareprosjektet, på pressekonferanse hos Konkurransetilsynet. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix