Korona spreier seg fortare i England enn det «verst tenkjelege scenarioet»

Koronaviruset spreier seg mykje fortare i England enn dei verste tenkjelege scenarioa regjeringa arbeider etter, viser dokument.

Dei vitskaplege rådgivarane regjeringa støttar seg til (Sage), seier at fire gonger fleire no blir smitta av korona enn det som var venta, skriv BBC fredag.

Helsestyresmaktene opererer med eit «akseptabelt verst tenkjeleg scenario» for å planleggje innsatsen dei kommande månadene. Det innebar 85.000 covid-19-dødsfall gjennom vinteren.

Eit Sage-dokument datert 14. oktober avslører at situasjonen er verre enn venta.

I det opphavlege scenarioet var det rekna med 12.000–13.000 daglege smittetilfelle i England i oktober. Etter det siste overslaget vart mellom 43.000 og 74.000 personar smitta dagleg i England fram til midten av oktober.

(©NPK)

Foto: Alastair Grant / AP / NTB