Annonse

Koronavaksine: Studentar må truleg vente til oktober

Folkehelseinstituttet (FHI) anslår at studentar vil få tilbod om koronavaksine i oktober, dersom dagens vaksinasjonstempo held seg.

Annonse

Første sprøyte med koronavaksine vart sett 27. desember i fjor. Eldre og folk i risikogruppa var først ut, medan studentar ser ut til å måtte smørje seg med tolmod, skriv Universitas.

–⁠ Det kan seinare bli aktuelt å tilrå vaksinasjon òg for yngre, altså ned i studentalder. Det avheng av utviklinga til epidemien og verknadene av vaksinane, opplyser overlege Preben Aavitsland i FHI.

Han stadfestar at dei fleste studentar vil vere blant dei siste som blir vaksinerte, sidan hovudprioriteringa er basert på alder.

–⁠ Dersom det blir gitt ei tilråding for folk i studentalderen, vil vaksinasjon skje rundt oktober, seier Aavitsland. Han legg til at dersom det blir tilgang på fleire vaksinar, kan det skje tidlegare.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB