Korpsa i Oslo får spele på 17. mai

Korpsa i Oslo får spele og marsjere på 17. mai – men berre utan at det er kunngjort kvar dei skal gå på førehand. Også pop-up-konsertar blir tillate.

Det sa byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) då han onsdag kunngjorde kva smittevernreglar som skal gjelde for hovudstaden på nasjonaldagen. Sjølv om smittetala er på veg ned, fryktar byrådet at ei for rask gjenopning vil føre til ei ny nedstenging.

Derfor blir det inga stor gjenopning i samband med 17. mai.

– Vi veit at korpsa strekk seg langt og øver under vanskelege forhold for å førebu seg så bra dei kan. Det skal de ha stor takk for. Sjølv om oppladinga blir langt frå optimal, er vi mange som gler oss skikkeleg til å høyre dykk rundt i gatene våre på 17. mai, sa Johansen.

(©NPK)

Byrådsleiar Raymond Johansen, byråd for næring og eigarskap Victoria Marie Evensen og byråd for oppvekst og kunnskap Inga Marte Thorkildsen heldt onsdag pressekonferanse om koronasituasjonen. Foto: Berit Roald / NTB