Annonse

Kraftig auke i båttrafikken

Båtnæringa frakta nesten 3,5 millionar passasjerar i andre kvartal i år, 32,9 prosent fleire enn i same periode året før. Ein fin vår kan vere forklaringa.

Totalt hadde kollektivtransporten 166 millionar passasjerar i andre kvartal i år. Det er ein auke på 5,8 prosent frå andre kvartal i fjor, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Bussnæringa hadde 98 millionar passasjerar, ein auke på 6,8 prosent. For jernbane auka trafikken med 11,1 prosent til drygt 20 millionar passasjerar. Sporveg og forstadsbane held seg omtrent uendra på 44 millionar passasjerar.

Dei samla billettinntektene var drygt 3,7 milliardar kroner, ein auke på 9 prosent. Bussnæringa står for rundt to tredeler av inntektene.

(©NPK)

Båttransport hadde den største auken i andre kvartal i år. Bildet viser bilferja MF Ullensvang, som trafikkerer strekninga Hareid-Sulesund i Møre og Romsdal. Arkivfoto: Halvard Alvik / NTB scanpix